Vik IL

Vik IL

Vik IL

Kort om histoira til Vik Idrettslag i 100 år. Talen frå Arne Inge Sæbø på jubileumsfeiringa. 

Gode idrettsvener!

I dag for 100 år sidan, ein vinterdag i Vik, med snø og mørketid samlast nokre karar. Initiativet kom frå den 58 år gamle oberstløytnanten Oscar Lunde som budde i Tillischgarden. Kanskje fann møtet stad i Tillischgarden, kanskje i gamle kommunehuset eller gamle Hopstock hotell. Oscar Lunde var turninstruktør, og sto bak skiping av Bergens Turnforening i 1882. Han hadde gift seg i 1873 med Bartholine Euphemia Tillisch, men ho hadde døydd frå han alt i 1881, 31 år gamal. Denne aktive og iderike mannen har me altså å takka at me kan feira 100 års jubileum i dag.

Eg skal ta eit lite tilbakeblikk på historia til Vik IL, det må berre bli nokre spreidde, springande glimt. Mest om den eldste tidi, og eg vil prøva å gje nokre bilete av korleis det var, å driva idrett då, konkurransane og det å vera tilskodar, for det var stort berre det på den tid. Det fløymde ikkje over av tilbod på skjerm og i andre media.

Laget heitte Vik Turn- og Idrottslag, og det var nettopp turn laget dreiv med dei fyrste åri. Det var og besøk av turnarar frå Bergens Turnforening i Vik i pinshelgi 1906,  og dei hadde oppvisning på skuleplassen med masse publikum til stades. ”Bergensturnerne ca 25 i Tallet ankommer til Vik med Kommandøren 1ste Pintsedags Morgen kl 6 ¼.” Dei var etter direksjonsmøte i Fylkesbaatane innvilga fri reise til Vik. Det var venta publikum frå heile Sogn, båten gjekk frå Bergen pinsafta kl 2000 og var innom alle bygder innover Sognefjorden der ein rekna med at folk ville komma på for å reisa til Vik. Dessutan gjekk det ekstraskip frå Lærdal pinsafta.

Besøket inspirerte ungdomane i Vik, og dei øvde og trente hardt i turn. Skranke, ringar, trampoline og stang fekk dei av turnforeningi, og 20-25 karar var med på treningane. Dei hadde oppvisningar på 17. mai, i gamle kommunehuset eller på skuleplassen, hadde kvite turndraktar som var bakarklede, viste turnøvingar og laga formasjonar.

Dei var bra aktivitet i det nyskipa idrettslaget eit knapt tiår, fram til 1. verdskrig byrja i 1914, då vart idrettslagsaktiviteten liggjande nede. Ein byrja så smått att i 1920-åri, og då kom snart skisporten med. Men framleis var det turn og gymnastikk laget helst dreiv med. Vinteren 23/24 var det to turntroppar i sving, ein for vaksne og ein for born. Instruktør var sersjant Olaf Grov, seinare vart Einar Holstad instruktør, og på bileti med ser ute av turntroppen er karane under leiing av Einar. I 1926 hadde han to parti, eit eliteparti og eit B-parti for nybyrjarar og ”de mindre bra elever”.

Det var so som so med idrettsutstyr på 20-talet og i 30-åri, det var bl.a. langt frå alle som hadde råd til å kjøpa seg fotballstøvlar. I 1935 vedtok styret derfor å hjelpa til med å skaffa fotballstøvlar til spelarar som grunna dårleg økonomi ikkje klarte å skaffa seg støvlar sjølve. Støvlane vart gjevne på desse vilkår:

Vedkommande skal forplikte sig til å arbeide for verdien av disse i laget sin skibakke eller å gå med på trekk så snart han måtte komme i arbeid.

Ja, det var andre tider enn overfloden i dag.

So i 1927 kom det eit nytt tilbod i idrettslaget, eit tilbod det vel ikkje har vore sidan. Ein provisor Schmidt starta ein bokseklubb, 23 melde seg mot å betala 1 kr. Schmidt var instruktør. Men då Schmidt reiste frå bygdi etter eit par år, var bokseeventyret slutt. 

Fotball var ein byrja med, og fyrste fotballkampen me veit om i Vik, var i 1928 mellom to lag frå Vik, eit A-lag og eit B-lag. Og res. vart 1-1. Fyrste kampen vikjene spelte utabygds var mot Fjærland i Fjærland i 1932. ”Motorbåten til Pettersen var fullasta med spelarar og heiagjeng. Like mange og meir til stod att på kaien då me drog. Ein strålande tur til Fjærland vart det denne fine junidagen, med song og musikk og glade ungdomar. Fjærlendingane i hundretals tok imot oss på bryggja i Fjærland, og i samla tropp marsjerte me til bana, der kampen tok til straks etter”. Vikjene vann 3-1.

Så var det kamp mot Sogndal på Vik stadion i 1935, og git resultatet, jau 2-0 til Vik. Det var returmøte seinare på sommaren i Sogndal, i august. Ein reiste med då og med motorbåt. ”Vikjene vart mottekne som prinsar. Spelarane og dei andre som var med var Sogndals gjester heile tidi medan dei var der inne. Sakførar Stumpe som var aktiv i fotballlaget bad med seg vikjene til kvelds, seinare var det fest med dans i ungdomshuset. Res. vart 1-0 til Sogndal. Nettoinnkoma på motorbåt-turen vart kr 11.50.”

Eit par historiar til som fortel litt det å konkurrera i dette fylket for vel 70 år sidan og vel 40 år sidan. I 1928 vart Sognarennet på ski arrangert i Vik, ei stemne det nesten går gjetord om enno. Hopprennet vart arrangert i Nummedal, og visstnok var det 1000 menneske til stades. So blir det sagt og skrive.

Til de som er unge i dag, gå hen og gjer likedan. No køyrer me på trening om me bur aldri så nær. Det er som Birger Vikøren sa: ”No skryt dei av at dei har gått rundt Fossfjellet i påskehelgi, men me gjekk frao Røysane og rundt Fossfjellet, me.

På 30-talet var det tre grupper i laget, turn, ski og fotball. Men det var og idrettsplass-styre, hyttestyre, bakkekomite og spelnemnd. Desse hadde eigen instruks for arbeidet.

Litt om utviklingi i aktivitet og anlegg i Vik Idrettslag. Det fyrste som var klart på anleggssida var hoppbakkar, det var hopprenn i Dalbotn i 1926 og i 1928 var det Sognarenn på Seljedalen. I 1932 var fyrste fotballbana i Vik klar til bruk. Det året hadde Vik sin fyrste fotballkamp mot eit utabygds lag. Etter krigen byrja ein å byggja hoppbakke i Hovsåsen, og bakken var ferdig i 1948. I 1968 var dei bakkane som er der no delvis ferdige. Lysløypa fekk me i 1969, ho vart forlenga i 1978, lysløype på Storehaug i 1986/87, og på Kålsete no i 2004. Ny grasbane med løpebane med raudstubb i 1972, ny grusbane i 1986. Same året var nye skihytta klar. Klubbhus fekk me i 1975. Fyrste idrettslagsbussen i 1981, fyrste i Sogn? Nytt namn frå 1969 frå Vik Turn- og Idrettslag til Vik Idrettslag. 1970- fyrste gong kommunalt tilskot på kr 2000.

Skiidrett var ein som sagt tidleg i gang med i Vik, og Vik har hatt frå starten av mange dugande hopparar, langrennsløparar og kombinertløparar. Frå slutten av 1970-talet tok hoppsporten seg voldsomt opp, og særelg 1980-talet var eit godt tiår med mange med takka vera dyktige leiarar, foreldre og trenarar. Og då vart bakkane i Hovsåsen flittig nytta, og alle veit kor mykje arbeid det er å laga klar ein hoppbakke.

Det hadde altså vore turn, ski, fotball, friidrett og boksing før krigen. Så etter krigen kom ein i gang med handball, og det for damene. Og Vik fekk snart eit av dei beste lagi i Sogn. Ja, her må me nemna at vikjadamene vart fylkesmeistarar i 1990, dei slo då Jotun i finalen med 20-17, og det på heimebane til årdølene. Olaug Brekke uttalte etterpå: ”Dette er det største eg har vore med på. Tenk å slå Jotun på heimebane med tribunane fulle av patriotiske årdøler. Trenarane til Jotun var så skuffa etterpå at dei nesta å køyra oss attende til Tangen”. Og som dei veit, Vik hadde ikkje idrettshall då.

Me fekk trimgruppe i 1973, dei dreiv husmortrim nokre år, men av ein eller annan grunn vart namnet endra til dametrimmen. Elles har trimnemndi stått bak mange tiltak og arrangement, bl.a. sykkeltrim, fjelltrim, turorientering og det har vore romjulsmarsj, Tausasleppet og dei har vore medarrangørar av Bygdi Rundt, Vikjamili og Grenserennet. Var ein med på alle desse fekk ein nokre år Vikjatrippelen.

Volleyball frå 1978, då kom Arne Vevle til bygdi som lærar, og han hadde sin bakgrunn i den idretten. Det vart snart eit blomstrande volleyballmiljø. Dei to fyrste åri tapte Vik prestisjeoppgjeri mot Sogndal og Jotun, men frå 1981 vart Vik det beste volleyballaget i Sogn og vann i 1981/82-sesongen Gjest Bårdsen cup i Sogndal. Vik har fostra fram mange gode spelarar som i dag spelar i dei to øvste divisjonane. Det vart berre herrelag, men jenter slengde seg med, og Vik har også der fått fram toppspelarar. Så låg volleyballen nede nokre år før dt no har teke seg oppatt siste året.  

Skiskyting byrja ein med tidleg på 1970-talet, fyrste skiskyttarrennet i Vik var i 1972. Då som ein del av Vik Skyttarlag. I 1985 fekk me eigi skiskyttargruppe i idrettslaget, og skiskyting er kanskje den idretten ved sidan av friidrett som har gjort Vik mest kjent og gjort det best. To frå Vik har gått World Cup-renn for Norge, Arna Kolltveit og Ann Kristin Flatland. Men Vik har hatt Vestlandsmeistarar og Norgesmeistarar både individuelt og i stafett, både i aldersbestemte klassar og på juniorsida. Her gror det framleis godt, og det skuldast ikkje minst, godt arbeid frå foeldre, trenarar og leiarar. Og no har me nytt anlegg klart, så alt ligg til rette for å halda oppe den gode tradisjonen innan skiskyting.

Ikkje alle veit at me har hatt løna sekretær i idrettslaget, i 1978, seinare som kombinert stilling som kultursekretær. Kristin Brekke, Anne Grethe Tveit, Oddny Hønsi, Kari Helene Rosenlund, Oddny Kjelsen.

Ein av dei fyrste idrettsskulane i landet kom og i Vik, kanskje den fyrste, i 1984. Og me hadde idrettsskulerektor. Skulen var ikkje minst viktig som eit tilbud til dei som ikkje dreiv aktiv idrett og var flinke i idrett.

I 1972 hadde me fått oss ny grasbane og løpebane med raudstubb. Og det var klart for Vikjastafetten på nyebana. Vik hadde fått godt friidrettsmiljø med mange gode løparar. No var tidi inne for å visa heimepublikumet kva me dugde til. Og folk strøymde til, 1000 menneske vart det skrive at det var og såg på. Og dei fekk verkeleg valuta for pengane. Det stod mellom Vik og Vossar, kniving heile vegen. Og det heile vart avgjort på siste 100 m på bana der John Ulvund tok Vossar sin mann på dei siste metrane, og jubelen ville ingen ende ta. Og den innflytte vossingen vart folkehelt.

Seinare vart det mange sigrar for stafettlaget til Vik, og markerte seg i Holmenkollen, Breim, Festspelstafetten i Bergen og på andre stafettar. Det er vel ingen annan bygdeklubb som har hatt både herrelaget og damelaget i eliteklassen i Holmenkollen. Då radioen skulle før Holmekollstafetten eitt år ha reportasje frå distriktet var det heilt naturleg at valet fall på Vik, og Dag Lindebjerg kom og laga innslag. I 1972 var tv til stades under Breimstafetten og laga opptak, og det var Vik som vann. Så det var som ein av konkurrentane sa, det står respekt av desse tre bokstavane V I K, ser me dei resignerer me.

Så i 1975 skulle me endeleg få oss idrettshall, sett ned eit hurtigarbeidande nemnd, og hallen han vart som me veit innvigd i 1999. Det tok altså 24 år. Eg skal ikkje seia så mykje om denne saki, anna enn at engasjementet var enormt. Og det var to klikkar, dei som ville ha hall ved bana og dei som ville ha han ved skulen. Harde tak var det med underskriftsaksjon og eit voldsomt øs. Og det vart utgreitt mange alternativ, og me fekk vedtaket med den språklege nyvinningi i norsk: Det vert å byggja idrettshall. Ja, det gjekk så langt at som eit kompromiss vart hallen vedteken i kommunestyret plassert skrevande over Hopra for då var han nær bana og ikkje for langt frå skulen.

Vik Il har vel opplevd betre tider enn no i 2005. Det er færre ungdomar i bygdi, Vik opplever problem som andre småklubbar. A-laget i fotball slit, stafettlaget er ikkje det det var, kven satsar på langrenn og hopp? Men det nyttar ikkje å resignera, ein må berre stå på, det kan snu. Det er viktig å arbeida hardt, ingenting kjem av seg sjølv. 1950-talet var og ein vanskeleg periode for Vik IL, eit år måtte ein trekkja A-laget i fotball, det var vanskar å få handball-lag og økonomien var elendig. Det gjekk nokre år, så gradvis snudde det. Me fekk kraftutbyggingane i bygdi, ny optimisme, og glanstidi i idrettslaget var frå slutten av 1960-talet og innpå 1990-talet. Fotballaget var kanskje tredje-fjerde beste i fylket nokre år. Eg hugsar eit år me vann Breimstafetten, og då leda Vik 3. divisjon, då var det ein av konkurrentane som sa: ”For eit fantastisk idrettsmiljø de har i Vik.”. Så det kan snu, men nokre grupper arbeider for dårleg no, og det tek ofte litt tid å snu ein dårleg utvikling.

I vår tid må det liggja til rette i sterkare grad enn før, og idrettslaget utviklar seg. Me er i full gang med eit kjempeflott skianlegg, og i vår lukka glaskula arbeider me for kunstgras og kunststoffdekke. Når det er ferdig, ja då har me i høgste grad anleggsbiten på plass i Vik, då er det opp til utøvarane.

Til slutt, det passar ein slik dag å sjå tilbake og høyra om korleis det var, og kanskje læra litt av historia, og få inspirasjon til vidare arbeid og trening, og håpa at når no Vik IL går inn i eit nytt hundreår, må det bli eit minst like godt hundreår som det forrige.

Takk for meg.

 

Vik IL
6893 VIK I SOGN
www.vikil.no

Organisasjonsnummer: 980 275 159

©2017 123klubb for effektiv klubbdrift leveres av KX Products