Vik IL

Trafikksikker fotballklubb

Trafikksikker fotballklubb

Fotballgruppa i Vik IL er godkjent av NFF Sogn og Fjordane som trafikksikker fotballklubb. 

I Vik IL  vert det gjennomført mange reiser til kampar og andre arrangement gjennom heile året. For ikkje å snakke om alle som skal til og frå trening!

Fotballgruppa i Vik IL har fokus på trafikksikring. Vi ønskjer at alle våre medlemmar, og alle som har ansvar for reiser, skal vere seg bevisst korleis ein skal opptre  sikkert i trafikken. Målet vårt er 0 skadde og 0 drepne i trafikken!

 

Vik IL vil vere ein trafikksikker klubb fordi

  • Vi BRYR OSS
  • Alle skal kome trygt fram til trening/ kamp og heim
  • Foreldre skal vite at idrettslaget set trafikktryggleik høgt

 

Ein god trenar/leiar kan meir enn innsidepasning, han tar ansvar.  Ver ein god leiar du også!

Vik IL
6893 VIK I SOGN
www.vikil.no

Organisasjonsnummer: 980 275 159

©2017 123klubb for effektiv klubbdrift leveres av KX Products