Vik IL

Sportsplan

Sportsplan

Sportsplanen er retningsliner for alle trenarar og leiarar i Vik IL fotballgruppa. Planen skal vere eit verktøy for trenarar og leiarar i å nå våre mål for fotballaktiviteten.

Planen set prinsipp for fotballaktiviteten i klubben og gjev konkrete retningsliner for korleis vi tilrettelegg og driv aktiviteten, sportsleg og sosialt.

Planen gjev ikkje svar på alle spørsmål og må følgjast opp gjennom tett samarbeid mellom trenarane og leiarane i klubben.

Vik har som klubb eit mål om å gjera meir for å utvikla aldersbestemt fotball. Eit steg i denne retning er å utvikla nokre grunnleggjande haldningar kring barne- og ungdomsfotballen.

Sportsplanen skal reviderast minimum annakvart år. Treningskoordinator er ansvarleg. Endringar skal godkjennast av fotballstyret. Sportsplanen skal formidlast til foreldre, leiarar, trenarar via heimeside og på foreldre/lagleiarmøter. 

 

Sportsplanen skal reviderast etter sesongen 2017. 

Vik IL
6893 VIK I SOGN
www.vikil.no

Organisasjonsnummer: 980 275 159

©2017 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift