Vik IL

Fair Play kampvertvest

Fair Play kampvertvest

Retningslinjer for bruk av kampvest for Vik IL

På alle heimekampane skal det vere kampvertar med eigne vestar.

Desse vestane er merka med Fair Play logo og skal brukast i samband med arrangement av heimekampar i aldersfastlagde klassar, samt på seniorkampar til Vik IL. Dette er for at ramma rundt arrangementa skal verte mest mogleg prega av Fair Play.

 

Det bør vere minst to kampvertar per kamp. Det kan til dømes vere lagleiar og ein av foreldra.

Det er delt ut to vestar til kvart lag. Dei skal ligge i draktbagen.

Som kampvert skal du:

  • Kampvertane skal være til stades og være synlige under heile arrangementet.
  • Kampvertane har ansvar for å ta i mot dommarar og bortelag på ein skikkelig måte.
  • Kampvertane leggje til rette for at ramma rundt kampen vert prega av mest mogeleg  ”fair play”.
  • Ta ei runde rundt bana før kampen, ønskje alle velkomen!
  • Arrangere FairPlay møe mellom trenarar og dommarar før kamp + Handshake for Peace
  • Dialog med dommar før og etter kamp. Spesielt om dommaren er ung og urutinert.
  • Ha ein positiv merksemd til begge foreldregruppene.
  • På kunstgrasbana skal foreldre stå på asfalten og ikkje i lag med trenar /innbyttarar
  • Bruke foreldrevettsreglene/ grøne kort om det ikkje er positiv stemning rundt kampen.
  • Avslutte kampen med å ønskje gjestande lag velkomen tilbake

 

Kampvertprosjektet er eit resultat av NFF og SFFK si satsing på Fair Play.

 

12. mars 2014

 

Vik IL

Fotballgruppa

Nils Geir Myrkaskog

Vik IL
6893 VIK I SOGN
www.vikil.no

Organisasjonsnummer: 980 275 159

©2017 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift