Vik IL

Fair Play Foreldrevettreglar

Fair Play Foreldrevettreglar

Fotball for aldersbestemte lag kan utfordra oss som foreldre på mange måtar. Måten vi oppfører oss på sidelinja er viktig for den opplevinga ungane har. Under finn de nokre råd som er utarbeid av Norges Fotballforbund og som vi vil skal kjenneteikne laga i Vik.

1.  Støtt opp om arbeidet til klubben. Verdisynet i klubben blir forankra på foreldremøte. 
2. Møt opp til kampar og treningar. Du er viktig både for spelarar og miljøet.
3. Gje oppmuntring til alle spelarane i med- og motgang. Det gjev tryggleik, trivsel og motivasjon til å bli lenge i fotballfamilien. 
4. Vi har alle ansvar for kampmiljøet. Gje ros til begge lag for gode prestasjonar og Fair Play.
5. Respekter at trenaren leiar kampen. Konstruktiv dialog om gjennomføring kan du ta opp med trenar og klubb i etterkant.
6. Respekter avgjerda til dommaren, sjølv om du av og til er ueinig!
7. Det er ditt barn som spelar fotball.  Vær positivt og støttande – då er du en god medspelar!

 

 

Det handlar om respekt  - ikkje sant?

Vik IL
6893 VIK I SOGN
www.vikil.no

Organisasjonsnummer: 980 275 159

©2017 123klubb for effektiv klubbdrift leveres av KX Products