Vik IL

Politiattestar

Politiattestar

Alle trenarar og lagleiarar i Vik Idrettslag må framvise politiattest.

Krav om politiattest i Vik Idrettslag;

Styret i Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF) vedtok 10. mars 2008 at heile norsk idrett skal krevje politiattest mot seksuelle overgrep mot barn. Ordninga gjeld for alle som skal utføre oppgåver som i vesentlig grad inneberer eit tillits- eller ansvarsforhold overfor mindreårige eller menneske med utviklingshemming. Ordninga trådde i kraft 1. januar 2009.

I Vik Idrettslag blir ordninga handtert på følgjande måte:

Alle frivillige som skal utføre oppgåver for idrettslaget som inneberer eit tillits- eller ansvarsforhold overfor mindreårige eller menneske med utviklingshemming skal skaffe fram politiattest.

Dette gjerast i samråd med:

Leiar i Vik Idrettslag

Bjartmar Rinde

E-post: br@montal.no

Telefon: 480 09 654

 

Representantane har taushetsplikt overfor uvedkommende i forhold til dei opplysninger dei får kjennskap til.

Politiattesten inneheld kun opplysningar om personen for tida er sikta/tiltalt eller tidligere ilagt forelegg/dømt for brot på bestemmelser i straffelova om seksualforbrytelsar overfor barn. Idrettslaget har ikkje anledning til å be personen om å innhente politiattest for andre straffbare forhold. Innhenting av politiattest er gratis.

Rutinar for innhenting av politiattest:

1: Ein kan no søke elektronisk. https://attest.politi.no/

Ein treng ein bekreftelse på formål. Ein tek då kontakt med Bjartmar Rinde som fyller ut det aktuelle skjema for bekreftelse. Dette kan også fås av gruppeleiar. Ein må oppgi fullt namn og personnummer. Dette kan ordnast via epost. Ein får då eit ferdig utfylt og signert bekreftelse på formål i retur som eit vedlegg.

2: Ein loggar seg på og benyttar MinID, BankID, Buypass eller Commfides. Ein lastar så opp bekreftelse på formålet i prosessen-

http://www.politi.no/tjenester/politiattest/

3: Politiet sender attesten som ordinær post til den søknaden gjeld for. Den vert ikkje sendt til idrettslaget. 

4: Søkjaren skal så framvisa sin politiattest til Bjartmar Rinde. Vik Idrettslag skal ikke lagre attesten, men kun få den framvist til gjennomsyn. Framvisinga skjer enten ved personleg oppmøte eller så skanner man politiattesten og sender politiattesten til Bjartmar Rinde som vedlegg i ein epost eller som MMS bilete. Ein slik epost/mms blir sletta etter at den er registert i Vik Idrettlag sin database.

Personer som ikkje har framvist politiattest utan merknad, kan ikkje settast til oppgaver som innebærer eit tillits- eller ansvarsforhold overfor mindreårige eller menneske med utviklingshemming.

Sjå elles nettsida: www.idrett.no/politiattest

 

Med venleg helsing

Styret i Vik Idrettslag

Vik IL
6893 VIK I SOGN
www.vikil.no

Organisasjonsnummer: 980 275 159

©2017 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift