Arvid Brudevoll imponerte på Hornindal Rundt!

Arvid vann klassen sin i det 75km lange løpet.

Regn og skodde gjorde Hornindal Rundt ekstra tungt. Arvid Brudevoll imponerte med å vinna klassen sin på den gode tida 12:39:09. Det heldt til ein 20.plass totalt. "Eg er fornøgd med løpet, men beinhardt var det", sa Arvid etter målgang. Anne Bekkhus vann sin klasse og Birgit Voll kom inn til ein 2.plass i sin klasse. Vidar Fosse og Stein Frode Tryti fullførte også det 75km lange og tunge løpet. 

Britt Marit Stadheim vann sin klasse for dei som sprang 38km, Mariann Drægni, Svenn Arne Drægni, Marlin Fosse, Bjørnar Hornnes og Gunvor Refsdal fullførte alle denne distansen.

Ingen tvil, desse Vikjene er tougher than the rest!

Fullstendig resultatliste finn du her.

Meir info om Hornindal Rundt finn du her.

Foto premieutdeling: Vidar Fosse - bileta viser klassevinnarane for dei som sprang 75km

 

©2017 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift