Skikarusell nr 3

Søndag 4. februar kl 12 på Vik Skisenter.

Skikarusell søndag 4. februar kl 12!

Kom og bli med på skikarusell på Vik Skisenter søndag 4. februar kl 12. Saft til ungane etterpå. På slutten av sesongen får alle som deltek premie.

Ta med ski og akebrett og kos deg på Vik Skisenter. Pølsegrilling i lavvoen er ein fin avslutning på ein aktiv dag. Håpar mange tek turen opp.

Komiteen har planar om fleire skikarusellar i vinter. Føl med på Vik IL si Facebookside, neste skikarusell blir annonsert der.

Arr.komite: Bjarnhild Samland, Eli Renate Oppheimshaug, Helga Bell Hove, Anne Mårdalen og Turid CF Christensen

©2017 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift