Startliste Gla'Laks Cup 5 og 6

Laurdag og søndag er det skiskyttarrenn på Vik Skisenter. 115 utøvarar stiller til start.

Laurdag og søndag, 20-21. januar, er det Gla'Laks Cup 5 og 6 i skiskyting på Vik Skisenter. Heile 115 utøvarar stiller til start.

Laurdag er det sprint for alle klassar. Start kl 13.

Søndag er det KM i fellesstart for 13 år og eldre. Sprint for 12 år og yngre. Start kl 12.

Startlister finn du oppe til høgre.

Velkommen til VIK!

©2017 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift