Sølvjentene og bronsegutane!

Vik hadde med 4 lag i sluttspelet i futsal i KM på laurdag. Alle leverte flotte prestasjonar!

Vik hadde med 4 lag i KM sluttspel på Sandane laurdag den 3. mars. 

Først ut var gutar 13. Dei leverte flott spel og mange mål, med eit tap i grunnspelet vart dei nummer to i si gruppe. I semifinalen tapte dei mot Jotun som vann for gutar 13. I bronsefinalen slo dei Stryn 5-2. ZIKKE! 

Gutar 15 leverte strålande spel i gruppespelet med flott spel. Dei møtte Florø i semifinalen og tapte den 3-0. I bronsefinalen vann Vik 3-1 over Høyang. ZIKKE! 

Gutar 19 spelte godt, men kom ikkje vidare som beste toar pga målforskjell. 

Jenter 15 år, 2003, spelte strålande i gruppespelet og semifinalen. Mange mål og flott spel. I finalen var Førde for sterke og Vik tapte 3-0. Dette er tredje året Vik vert nummer to. Ekte sjølvjenter men ein utruleg stabilitet.ZIKKE! 

 

Haugen fotball tok mange bilder. Her er link til dei. 

I dag skal jenter 14 og jenter 16 i aksjon. Du kan følgje med resultata her

Vi ynskjer dei lykke til! 

 

 

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift