GULLJENTENE!

Fantastisk! Seier i KM for J16!

Gratulerer med ny KM tittel. Jenter 16 vann KM tittelen i futsal på Sandane søndag 4. mars. 

Finalen var spennande og ingen av laga klarte å score i kampen eller i ekstraomgangane. Seieren kom etter straffesparkkonkurranse mot Gaular. Vilde Andersen storspelte og hennar redningar vart avgjerande i straffesparkkonkurransen. Vik vann 3-1. Fantastisk å slå Gaular som ikkje hadde tapt ein kamp i turneringa før finalen. 

Semifinalen mot Hafslo enda og uavgjort og gjekk til straffesparkkonkurranse. Her vann Vik 4-3. Strålande! 

Jentene imponerte med godt spel i heile turneringa, me slapp inn berre 1 mål på 6 kampar. Me vann gruppa vår etter berre sigrar. Alle jentene la ned ein kjempeinnsats som gjorde at me hadde ekstra friske bein i finalen. Herleg for dei ivrige jentene å få betalt for dei mange timane i Blixhalli i vinter. Det er godt å sjå at det nyttar å trene - mykje. Eg må sei er eg veldig stolt av dei, seier Robert Hovland! 

Gustav Valsvik følgde med på livestreaminga og gratulerer!  

Dei som vil sjå kampen igjen finn den på slutten av denne linken

Jenter 14 spelte flott og var nær semifinale, men enda som nummer tre i si pulje. 

GRATULERA! ZIKKE!  

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift