Velkomen til ein kjekke miniputtsesong 2018!

Treningane startar 11. april kl 17:00 til 18:00 på Vik kunstgrasbane.

 

Det nærmar seg sesongstart for miniputtspelarane i Vik. 11. april startar treningane opp att på Vik kunstgrasbane. Det blir faste miniputtreningar kvar onsdag klokka 17-18.

Tysdag 3. april er alle foreldre til miniputtspelarar i Vik velkomen til informasjonsmøte i ungdomsskulebygningen på Flatbygdi skule. Det er viktig at alle foreldre – og alle trenarane – kjem på dette møtet.

I 2018-sesongen blir det fire miniputturneringar: Vik 6. mai, Kaupanger 10. juni, Hafslo 2. september og Balestrand 23. september.

Eit viktig mål for fotballgruppa i Vik er at alle i miniputtar skal kjenna seg trygge og oppleva meistring på bana, og at ungane gjennom det skal trivast og ha det kjekt i lag. Me håpar mange har lyst til å vera med på dette.

Velkomen til ein kjekk miniputtsesong 2018!

 

Styret fotballgruppa v/ Anne Jorunn Fjærestad, leiar og Noralv Pedersen oppmann miniputt

 

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift