Damelaget klar til sesongstart!

Søndag den 15. april starter Vik sesongen i 3. divisjon damer med bortekamp mot Balestrand.

 

For første gong på mange år stiller Vik med damelag i 11’ar klassa i 3. divisjon, i tillegg har me eit 7’ar lag i 4. divisjon. Det er me stolte av, seier hvoudtrenar Robert Hovland. Eit flott grunnlag vart gjort i 2017 med oppstart av seniorlag for damer.

I treningsgruppa er me faktisk over 30 spelarar, så det er bra me har to lag slik at det vert mykje speletid på alle. I år har me altså valt å stilla med to lag på seniornivå og ikkje noko i jenteklassa. Hovudgrunnane til det er muligheita til dei spelarane som har passert jentealder å få kunne spela 11’ar og å unngå at dei jentespelarane som er gode nok for damelaget skal sleppe å spele fast på to lag. Erfaringsmessig har det også vore vanskelegare å ha nok folk til kampane på hausten når folk flyttar vekk på hybel. I tillegg er kampdagane stort sett i helgane slik at me unngår lange reiser midt i veka. Når me no har to lag på seniornivå vert det også lettare å gi eit tilbod til alle når det er fri flyt av spelarar mellom begge laga. Me er også så heldige å ha eit stort team (heile 5 stk) av trenarar og oppmenn rundt laget.

Me har trena 2 gonger fotball og hatt ei fysisk økt veka i oppkøyringa, i tillegg er det mange av dei yngre som trenar med gutane og fleire som spelar handball, så fysisk er me godt rusta til årets sesong. Etter ein vinter med mykje snø har det vore godt å få trena ute på stor bane dei siste par vekene og me vert stadig betre på treningane i høve til å spela på stor bane. Etter to knipne tap i treningskampane (mot Høyang og Sogndal) er me no klar å gi jernet og ta sesongens fyrste siger i serieopninga borte mot Balestrand.

ZIKKE! 

©2017 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift