Fotballglede i Vik!

Over 240 jenter og gutar frå Hafslo, Kaupanger, Balestrand og Vik laga miniputtfest på det nye flotte idrettsanlegget i Vik.

Plutseleg kan det skje på ei miniputturnering at ei seks år gamal jente glir forbi ein jamgamal motstandar frå nabokommunen med eit spark på ballen ho ikkje visste om. Og brått står ho føre målvakta og greier å tuppa ballen forbi henne og inni nettet. Ho høyrer foreldra jubla frå sidelinja, og jenta forstår at noko stort har skjedd. Ho strekkjer armane opp, smiler og plutseleg har ho glade lagvenninner rundt seg.

Fleire gutar og jenter frå Hafslo, Kaupanger, Balestrand og Vik opplevde gleda ved å skåra sitt fyrste fotballmål under miniputturneringa i Vik i dag. Dei fekk òg kjenna på gleda av å vera på lag, bli heia på av ivrige foreldre, og ha det kjekt i pausane mellom kampane. Og mange fekk også sin fyrste fotballpremie. For nokre blir det eit minne for livet.

Jenter og gutar frå fire idrettslag i midtre og indre Sogn spelte til saman 88 kampar på kunstgrasbana i Vik. Borna blei rettleia av 12 unge dommar frå vertskommunen. Nokre av dei hadde dømt aldersfastlagde kampar tidlegare, men for fleire var dette den fyrste gjerninga med fløyta i munnen. Like fullt greidde dei å leia kampane på ein framifrå måte.

Dommarane var avgjerande for at denne Kongleriket-miniputturneringa skulle lukkast med å vera eit fair play-arrangement. Både dei unge fotballspelarane, trenarane og publikum oppførte seg skapleg mot kvarandre både på bana og på sidelinja. Før og etter kampen var det fair play-helsing, og i alle kampane spelte laga med pressfri sone ved utspark, slik at spelarane skulle få tid og ro til å starta opp spelet. Nye fair play-skilt var på plass rundt bana, og langs sidelinjene gjekk kampvertane og delte ut foreldrevitkort, med fair play-påminningar.

Å skipa til ei miniputturnering går ikkje utan mykje dugnadsinnsats frå mange foreldre og besteforeldre: Svelesteikjarar, teltriggarar, kioskmedarbeidarar, fyrstehjelparar, kampvertar, lagleiarar, fruktskjerarar, parkeringsvakter, toalettvaskarar, bostømmarar, bordkøyrarar, lydanlegg- og baneriggarar, bolle- og kakebakarar og ein stødig speaker – alle gjorde dei sitt til at 246 jenter og gutar fordelt på 41 lag fekk oppleva meistring og fotballglede denne vårsøndagen

Tusen takk til alle som stilte opp og flott organisert av oppmann for miniputt Noralv Pedersen og Silje Følid som organiserteinnkjøp og kiosksal! 

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift