Sondre Skjerven - årets idrettsutøvar 2017

Årets idrettsutøvar i Vik IL for 2017 vart Sondre Skjerven!

Årets idrettsutøvar for 2017 går til ein utøvar som heilt frå han var liten har vore interessert i idrett. Han har vore aktiv i mange ulike greiner som friidrett, handball og fotball. Han har brukt mange timar i organisert trening, men den uorganiserte leiken på fotballbana med broren eller eldre gutar har vore ein vel så viktig grunn til den sportslege utviklinga. Ballbingen på Flatbygdi skule og Vik kunstgrasbane har vore mykje i bruk.

Fotball var greina som tidleg peika seg ut som den som var mest moro å driva med, og der talentet var størst. Han spela fotball i barnehagen og første dag på skulen med dei eldre gutane. Fotballen var med heile tida. Sondre har vore på sonelaget og innom kretslaget for Sogn og Fjordane. 

Sondre Skjerven har gjennom mykje trening over fleire år utvikla seg til å bli ein av Vik sine viktigaste spelarar.  I 2016 vart han årets spelar i Vik på A-laget. Som spelar er han kreativ, målfarleg, og har det vetle ekstra. Han driblar, slår tunnelar og er aldri redd for å utfordre med ballen i føtene. Alle treningstimane, og ikkje minst all balleiken har gitt han svært god teknikk, og ein god skotfot. I løpet av dei siste sesongane har han levert mange mål, og ikkje minst mange målgjevande pasningar for Vik.

Sondre sine prestasjonar på fotballbana har blitt lagt merke til utanfor Vik og. Han trenar fast med Sogndal 2 og har  hospitert/ trena han med Brann 2, i 2018 og hospitert/ trena med Ready, i 2017. I 2016 var Sondre med på Sogndal sitt Elite juniorlag. Sondre er ein ung spelar og det vert spennande å sjå han si vidare utvikling på fotballbana.

Årets vinnarar har representert VIK IL på ein framifrå måte. Det er motiverande for andre å sjå at ein kan oppnå gode resultat ved å vera treningsvillig og ambisiøs.

Vik IL ynskjer Sondre  lukke til vidare. Vi er stolte av deg.

Vik, 20. mai 2018

Erling Stadheim

- leiar Vik IL -

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift