Fotballmoro på Voss cup!

Vik har hatt med tre lag på Voss cup i år. Dei har spela fotball og kosa seg på Voss.

Vik har hatt med  tre lag på Voss cup i år. Dette er ei kjekk turnering der det er kort veg til alt. Fotballbaner, kino, butikkar og kafear. Det sosiale er det viktigaste på denne turneringar. Det er også kjekt å møte andre lag enn dei vi møter i lokal serie! 

Voss Cup er ei flott turnering som er godt organisert, det er kort veg til alt, eit yrande liv og god stemning. G11 har, saman med trenar Jarle Christensen, hatt ei fin helg på Voss. Det sosiale er viktig på cup, gutane har kosa seg saman, på og rundt fotballbanene, dei har vore på kino, handla og snopa, dei har hatt ei helg med mykje moro.

ZIKKE! 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift