Eit mylder av fotballglede - i Pille si ånd

Jotun, Sogndal, Tornado Måløy, tre Vik-lag og 40 miniputtar skapte ein yrande fotballglad søndag på kunstgraset i Vik.

 

I dag hadde Pille vore stolt over at det blei arrangert ei turnering oppkalla etter han, seier Jarle Christensen, mangeårig fotballspelar- og leiar i Vik. Denne søndagen blei nemleg Nils Arild «Pille» Fedje heidra med ei «Pille-turnering», ein 3-ar-cup for jenter og gutar i Vik frå 1. til 5 klasse. Pille er ein av dei meste sermerkte spelarane som Vik har fostra, med ein uvanleg god teknikk og ein pasningsfot det framleis går gjetord om.

- Pille er den spelaren i historia til Vik med flest målgivande pasningar. Som unge hugsar eg godt at me på tribuna rope «Pille skru» kvar gong han skulle ta corner, innoverskrudd frå begge sider, for Pille var like god med begge føtene, fortel Christensen, som opplevde Pille både som tilskodar, medspelar og trenar. 

I namnet til Pille spelte i dag over 40 miniputtar 24 kampar med full og flott innsats på dei nye 3-ar-banene til Vik IL. Då Pille døydde av kreft i 2014, bad familien om ei gåve til fotballgruppa i staden for blomar. Desse midlane bidrog til å få kjøpt desse banene, som også er finansiert av Pille sin tidlegare arbeidsgjevar, Linn Bad.

- Ei turnering for dei minste, med speleglede og leik med ballen i sentrum, er heilt i Pille si ånd, seier Christensen.

«Pille-turneringa» var ein del Fotballsøndag som Vik IL arrangerte på kunstgrasbana, med kampar frå kyrkjetid til godt ut på ettermiddagen. Mange tilskodarar og engasjerte trenarar og spelarar skapte eit mylder av fotballglede I Vik – akkurat slik Pille ville ha likt det.

G11: Vik-Sogndal 3-0
G12: Vik-Jotun (9-ar): 2-0
G12: Vik Jotun (7-ar): 5-8
Damer: Vik-Tornado Måløy 0-1

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift