Bli med på Idrettsskule

Onsdag 17. oktober startar Vik IL Idrettskule for alle i 1. til 4 . Klasse

Vik IL startar idrettskule for barn frå 1. til 4. klasse.

På idrettskulen får alle prøve ulike idrettar som handball, fortball, turn, friidrett, langrenn og skiskyting.
Idrettskulen kombinerer idrett og leik og er eit tilbod til alle. Instruktørane er frå særgruppene til Vik IL. Aktivitetsplan - sjå vedlegg. 

Når:  Onsdagar 16:30 - 17:30 for 1. og 2. klasse  17:30 – 18:30 for 3. og 4 .klasse
Pris: Gratis for medlemmer i Vik IL
Påmelding innan 3. oktober på denne linken


Foreldre må hjelpe instruktørane med å flytte utstyr, knytte skolisser og halde orden. Mannskapslister vert satt opp. Idrettskulen er gratis for alle medlemmer i Vik IL. Dei som ikkje alt er medlemmar vert automatisk meldt inn ved påmelding (150 kr). Dette av omsyn til forsikring og støtte. Nødvendig antrekk er gymkle og innesko til hallen og skiutstyr/langrenn til Kålsete. Skigruppa vil hjelpe til med å skaffe låneutstyr til dei som ikkje har til skiaktivitetane.

Velkomen! 

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift