Vik Idrettslag har kjøp "ny" trakkemaskin

Vik Idrettslag ynskjer lange, kalde og snørike vintrar framover, slik at vi kan nytte den «nye» flotte trakkemaskina. Maskina køyrer flotte løyper på Fosse i påska.

 

Vik Idrettslag har kjøpt ei brukt trakkemaskin. Det er Prinoth Husky 2002 modell. Maskin har gått  ca 2.650 timar. Selgjar er Owren. Tidlegare eigarar er Sognfjellet og Mysuseter.

Vik Idrettslag si trakkemaskin er gamal og har vore ute av drift i over eit år. Det medførte m.a. at skitrekket/alpinbakken var stengt førre vinter. Vik idrettslag har arbeidd med å finansiere kjøp av ei brukt trakkemaskin slik at tilbodet om skitrekk/alpinbakke vert å finna komande vinter.

 

Maskina er vurdert til å vere i god stand.  

Idrettslaget treng ny trakkemaskin til følgjande :
1. Trakke liten bakke, 400 meter ski-leikbakke
2. Trakke hoppbakkar – delvis, truleg ikkje heile unnarennet på dei største bakkane
3. Køyre skispor Kålsete
4. Køyre skispor  Vikjafjellet - sommarski

Totalt var vurderinga at tilbydde maskin oppfyller idrettslaget sine behov.

 

Maskina er kostar   ca. kr. 550.000,-

Vik Idrettslag har fått sponsing /gåve frå:
Vik Sparebank  kr. 100.000,-
Vik kommune kr. 100.000,-
Vik Almenning kr. 50.000,-
Vik Grunneigarlag kr. 50.000,-
Vik Fjellandsby kr. 50.000,-
Vik Rekneskap as kr. 10.000,-

Transport til Vik med K.A. Aurstad.AS


Resten vert finansiert av Vik Idrettslag og spelemidlar. 

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift