Endeleg - skitrekket opnar!

Torodd Tenold og Alex van Dijk har gjort ein kjempejobb på skitrekket på Vik Skisenter. No er det klart til å ta i mot små og store alpinistar!

Torodd og Alex har lagt ned mykje arbeid for å få skitrekket i gang. Dei har heldigvis fått med seg mange frivillige til å køyra trekket, slik at det endeleg kjem i gang att. Flott at så mange jobbar på dugnad!

Skitrekket blir sett i drift i morgon og vil gå dei fleste dagane i jula og i helgane over nyttår.

Oppe til høgre finn du oversikt over dei dagane det er drift på skitrekket.

Trekket er ope frå kl 11-15.

Kr 120 for eit dagskort

Viss snøforholda gjer at det ikkje er mogeleg å stå på ski blir dette annonsert på Facebook-sida til Vik Skisenter. Andre driftsmeldingar blir også annonsert der.

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift