Det snør ikkje skiløyper på Vik Skisenter !

Vik IL har innført parkeringsavgift på Vik Skisenter - avgifta kan betalast i ein kasse ved inngangen til skistadion. Avgifta skal dekkje kostnader til drift og køyring av løyper.

 

Vik Idrettslag eig og driftar Vik Skisenter. For å halda skiløypene i god stand og for å tilretteleggja for andre aktivitetar har Vik IL innført parkeringsavgift på Vik Skisenter.

    PARKERINGSAVGIFT:
    Døgnpris                     kr    50,-
    Årskort pr. person        kr  500,-
    Årskort pr. familie        kr  700,-

I ein kasse ved inngangen til Vik Skisenter finn du konvolutt til å legga avgifta i. Legg kvitteringa godt synleg i frontruta på bilen.

Ynskjer du å betale parkeringsavgifta via bank, betalar du til kto 3800 30 18765. Ta ein konvolutt i kassen på Kålsete, fyll den ut og bruk den til kvittering i bilruta.

All køyring av løyper vert gjort på dugnad! 


TAKK FOR BESØKET!

Styret i Vik IL 

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift