Super innsats og mange medaljar

Fire gutar frå Vik deltok på Hardanger friidrettsfestival i Strandebarn - ein erfaren og tre for første gong, men alle gjorde ein veldig bra innsats!

Veldig bra innsats av Ivar, Endre og Kasper som var med for fyrste gong - kjekt å sjå alt dei har lært seg på ganske kort tid. Her vart det nye persar i alle øvingar unntatt høgde. Vart også ei bra helg for Henrik etter skaden i starten av mai. Syner han er på gang og at teknikken byrgjar å sitje både i høgde og lengde.

Endre og Henrik er nok mest fornøgd med kule, der begge stakk av med sigeren og persa. Henrik sette til og med banerekord i kule med 12,96m!

Gutane var nok spente, og det var mykje nytt. Dei takla det veldig bra og vi håpar det gav meirsmak.

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift