Vikjastafett og stemne laurdag 20. mai kl 12

Friidrettsgruppa ønskjer velkomen til Vikjastafett og stemne laurdag 20. mai på Vik Stadion. Påmelding på "Min idrett".

Vikjastafetten 20. mai 2017

Vik idrettslag innbyr til den tradisjonsrike Vikjastafetten. Stafetten vert arrangert for 66. gong laurdag 20.mai. Me ynskjer velkomne til stafett-moro i Vik. I tillegg til gutestafett, jentestafett, Rekruttstafett og «Bli med stafett» vert det friidrettsstemne på nye Vik Stadion med enkeltøvingar. For meir informasjon og påmelding sjå https://wp.nif.no/PageTerminDetail.aspx?LinkId=311437   

Endeleg tidsskjema kjem når påmeldingsfristen er ute.

Etappane: Etappane er flate eller småkuperte

Gutarlag og jenterlag alder 10-16 år. (Maks alder er 81 år)

1. 300 m bane

2. 250 m gras/grus

3. 300 m grus/asfalt

4. 600 m grus/bane

5. 200 m bane

6. 200 m bane

«BLI MED stafetten»  - uttrekning av gåvepremiar til heldige lag J
Her er det berre å bli med, det kan vere grendelag, bedriftslag, venelag og alle slags blandalag.

Same løypa som for gute- og jentestafetten

Rekruttstafett (1.-4. klasse) Viktigast er å få lag og at alle som vil får bli med, påmelding på skulane
Det er fem etappar inne på bana og alle etappane er 100 m. Alle får premie.

Garderobe i Blixhalli (Flatbygdi skule).

Påmelding Vikjastafetten:

Send epost og lagoppstilling innan tysdag 16. mai til berit.larsen@Sognekraft.no

saman med betalt startkontingent til kto: 3800.30.29732

Pris for gute- og jentelag er 300, - kr. Dei andre stafettane er gratis. Lag frå Vik il er gratis.

Kontaktperson:  Ragnhild Fjærestad 9759488 rf@sogneprodukt.no

Vik Idrettslag – friidrett
Ragnhild Fjærestad
- leiar -

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift