Ærespris til Ragnhild Fjærestad

Vi grautlerar Ragnhild Fjærestad med Friidrettens venners æredpris som blei delt ut under NM terrengløp i Vik i helga.

Følgjande stod på Norsk Friidrett Sogn og Fjordane:

Ragnhild Fjærestad, Vik IL mottok Friidrettens venners ærespris under opninga av NM i terrengløp i VIk. Prisen vert delt ut etter innstilling frå lokal friidrettskrets. Her er begrunninga for å gje prisen til Ragnhild, og vi gratulerer :

Ragnhild Fjærestad har vore ein positiv bidragsytar i idrettslaget i Vik i ulike roller over mange år. Ho har vore ein pådrivar for å auke aktiviteten både som leiar, trenar og ikkje minst vore ein viktig bidragsytar på dei mange idrettsarrangementa ein har i friidrettsgruppa i Vik anten det er stafett, banestevne, eller motbakkeløp. Ho tok over som leiar i friidrettsgruppa i Vik IL i 2011. 
I denne tida ho har vore leiar har ho saman med mange positive bidragsytarar vore sentral med sjølve aktiviteten og arrangementa men også med å få realisert eit tidsmessig friidrettsanlegg med kunsstoffdekke i Vik som i dag framstår som eit av dei flottaste anlegga vi har for friidrett i fylket.

Ho har også vore sentral for å få terreng NM lagt til Vik og ikkje minst tatt sin del av jobben med planlegging av meisterskapet som vi skal få vere med på i dag.

 

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift