Kjekke helg i Sogndal!

Jenter 11 og gutar 11 har vore på Eat Move Sleep turnering i Sogndal!

Vi har fått denne oppsummeringa frå turneringa: 

Jenter 11 reiste på EatMoveSleep turnering i Sogndal 27. og 28.oktober. Det var 11 jenter med på kampane på laurdag og 10 på søndag.Laget spelte fem kampar.

Laurdagen starta med kamp mot Førde, den kampen enda 0-2. Så spelte dei mot to ulike Sogndals lag og begge desse enda uavgjort, mot Sogndal1 enda det 1-1 og mot Sogndal2 vart resultatet 0-0. Dette var ein stor opptur, for Sogndal har vore ein sterk motstandar i sesongen. Søndag var det to kampar, den fyste mot Jølster, den enda 2-2 og på den siste mot Førde Girlpower Halbrend kom endeleg sigeren, den kampen enda 1-0.

Det som har vore særs praktisk på denne turneringa er at alt foregår på Campus og i Sognahallen, så det er lettvint og oversiktleg.

Gutar 11 var også med på turneringa, og det har vore mykje leik, sprell og moro mellom alle. Det er godt samhald mellom gutar og jenter, og dei har det kjekt ilag. Dei vaksne som var med på overnattinga sa at det hadde vore ei triveleg helg med ein kjekke gjeng.

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift