Futsalturnering i Blixhalli søndag 18. november

Det vert fulsal turnering i Blixhalli søndag 18. november frå kl. 11:00 til 19:00.

Futsalsesongen er i gang og søndag 18.november går dei første futsalturneringane for 10-14 år av stabelen på ulike stader i fylket.

Totalt 126 lag er påmeldt til denne turneringsrunden og følgande klubbar er arrangørar:  Dale, Eikefjord, Bjørn, Svelgen, Vik. 

I Vik skal lag frå Balestrand, Sogndal, Syril, Kaupanger og Jotun spele. Det er jenter 13 år og gutar 10, 11 og 12 år. 

Her kan du følgje med på resultata

Ta ein tur i Blixhalli og sjå fartsfylt og artig futsalfotball! 

 

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift