Sesongavslutning for damelaget!

Den gjevaste prisen, årets spelar gjekk til Oda Alice Stokkebø!

Laurdag 17. november hadde damelaget sesongavslutning for sesongen 2018. Dette er den første sesongen sidan 2012 at Vik har eit 11-ar lag. Sesongavslutninga var lagt til Blix hotell med mat, kahoot, film og talar. 

Damelaget har spelt med to lag i år. Eit 11-lag i 3. divisjon og eit 7ar lag i 4. divisjon.

Litt fakta for sesongen:

  • Det har vore totalt 30 spelar som har spelt ein eller fleire kampar.
  • Gjennomsitt alder på 11 laget på er 19,3 år og på 7-arlaget 18,6 år. 
  • Totalt er det spelt 30 kampar, 20 på 11-ar- laget og 10 på 7-ar-laget der 8 spelarar har spelt 20 eller meir og 4 spelarar har spelt 23 kampar denne sesongen
  • Det er scora 21 mål på 11 laget av 11 ulike spelarar 
  • Det er scora 16 mål på 7ar-laget
  • Toppscorarar på 11-arlaget er : Kristine Hovland, Leni Fosse og Janne Tryti med 3 mål kvar. 
  • Årets Fairplay spelar er Eili Rise. 
  • Årets spelar er Oda Alice Stokkebø. 

Ein flott sesong for damelaget er over- der ein har sett stor framgang i løpet av sesongen! 

Det har vore viktig med ei fin ramme rundt kampane, med kiosk, mustikk, program, speaker og billettsal. Vik har denne sesongen vore blant dei beste til å oppdatere Firda live for damelaga. Tusen takk til Martin Stadheim og Fredrick Kwihangana for hjelpa.  

 

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift