Nils Geir Myrkaskog vann Kjosenprisen!

Vi gratulerer Nils Geir Myrkaskog med Kjosenprisen -

Eldskjelprisen - Kjosenprisen

Klubbmedlem, som i ei årrekkje har utført eit særdeles oppofrande og tidkrevjande oppgåve i
klubben. Ein kjent og kjær person i klubben, som alle set høgt og vil heidre.

Grunngjeving: 

Nils Geir Myrkaskog spelte sin første kamp for Vik som lilleputt i 1970. Dermed har han vore aktiv i ulike roller i den same klubben i 48 år. I dag er han nestleiar i fotballgruppa, oppmann for a-laget og kasserar i Vik idrettslag.

Tidlegare har han vore a-lagstrenar, leiar, trenar i jentefotballen og leiar for Idrettsrådet. Han er ein av dei som har aksla Vik-trøya flest gonger. Med 364 kampar for dei kvite og blå er han blant dei med lengst fartstid som spelar i klubben, fyrst som spiss - på same måten som sonen Øystein, og deretter mange år som trygg bauta i midtforsvaret.

Som aktiv spelar kunne Nils Geir ha prøvd seg på høgare nivå, men han heldt seg lojalt til heimklubben: «Eg tenkte på om eg skulle ha prøvd med i ein sesong eller to høgare oppe, men det var ikkje den haldninga me hadde. Me var litt spesielle i Vik - det var ikkje snakk om å byta klubb; det som betydde noko, var å gjera det så godt som mogleg for Vik.»

Å spela for heimklubben innebar særs mykje reising. I mange år pendla Nils Geir frå Bergen og Oslo til Vik for å spela kampar. Det gjorde han òg det halvåret han var i militærteneste i Bardufoss i Troms fylke. Då var det å reisa med militærfly frå Bardufoss til Bergen på fredagen, deretter med tog frå Bergen til Myrdal og Flåm, og endeleg med båten til Vik laurdag morgon. Så var det å pakka bagen og reisa til Måløy for å spela kamp, før turen gjekk tilbake til Bardufoss søndag: «Nokre heimturar kunne vera tunge etter eit tap, men eg angra aldri eitt sekund på det».

Nils Geir er eit lagsmenneske. Sjølv fortel han at det å vera ein del av fotballen i Vik, har gitt han veldig mykje: «Lagidrett gir samhald og kameratskap. Etter at eg gav meg som spelar, har det vore ei glede å følgja mine eigne ungar på ulike lag», seier Nils Geir og held fram:

«No spelar ikkje dei for Vik lenger, men det er like kjekt å reisa på bortekampar med a-laget i dag som det var då eg var aktiv. Eg har sertifikatet på buss, så det har blitt nokre  turar til Nordfjord i haust».

Nils Geir har over mange år lagt ned eit stort arbeid for å skaffa Vik gode idrettsanlegg. Han var ein av pådrivarane for å få kunstgrasbane i bygda, og det siste året har vi fått eit nytt og utvida idrettsanlegg med mellom anna ei ny kunstgrasbane, som er isbane om vinteren. Også her har Nils Geir spelt ei sentral rolle.

Vik IL hovudstyret og Vik IL Fotballgruppa ønskjer såleis å heidra denne flotte, dyktige og engasjerte eldsjela i idrettslaget vårt – og nominerer han til Kjosen-prisen.

Vi gratulerer! 

 

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift