Har du lyst til å spele fotball i romjula?

Fotballgruppa arrangerer Grendacup 1 -10 klasse - fredag 28. desember . Bli med!

Vik IL, fotballgruppa inviterter til Grendacupturnering i Blixhalli fredag 28. desember. 

Miniputt startar med felles oppvarming kl.09:45. Turneringa varer til kl. 12:45. Det vert blanda lag med jenter og gutar i 1. og 2. klasse og i 3. og 4. klasse. Alle spelarar betaler kr. 100,- for å delta. Søskenrabatt : 2 søsken for 150 og 3 søsken for 200. Påmelding miniputt på denne linken

Premie til alle miniputtar! 

 

Turneringa vert inndelt i to klassar, mellomtrinnet og ungdomskulen. Det vert blanda lag med jenter og gutar frå kvar grend. Det er maks 7 på kvart lag og minimum 2 jenter /gutar på kvart lag. Vi planlegg at turneringa startar kl. 13:00. Pris er kr. 100 per spelar. Det vert premiering til dei tre beste i kvar klasse. ​Påmelding aldersbestemt

Har du besøk av ein kompis eller slektning i romjula - meld dei på! 

Frist påmelding er innan 14. desember 2018. 

Kampoppsett vert innan 24. desember lagt ut på vikil.no og Vik IL på Facebook.

Velkomen til fotballfest i Blixhalli! 

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift