Fair play pris til Vik IL fotballgruppa!

Vik IL fotballgruppa fekk Fair playprisen 2018 på Miljøhelga i Førde. Vi er stolte over å fått denne gjeve prisen, seier leiar i fotballgruppa Anne Jorunn Fjærestad.

Frå NFF Sogn og Fjordane si nettside:
Fair play prisen, 
som delast ut av NFF og Norsk Tipping kvart år, er ei høgthengande utmerking som blir tildelt ein klubb i kvar krets som har gjort eit betydeleg arbeid innan Fair play. Vinnaren mottek ein sjekk på kr.10.000,- + ein plakett!

Vinnar av Fair play prisen blir kåra på bakgrunn av nasjonale og kretsvise kriteriar. Klubben skal i tillegg ha vore ein synleg pådrivar for Fair play ved gjennomføring av ulike tiltak og synleg profilering.

Vik IL har eigen handlingsplan for Fair play, og Fair play er også ein av verdiane i fotballgruppa. Klubben har eit aktivt forhold til integrering og flyktningeborn og vaksne blir raskt ein naturleg del av fotballaktiviteten. I år er heile 8 spelarar på gutelaget innvandrarar. Klubben gir like mulegheiter for utvikling for både gut/jente og er dyktige på å legge til rette for at spelarar, som bur på hybel i midtveke, framleis kan spele for klubben. I 2017-2018 har dei hatt eit særskild fokus på å utdanne og inkludere dommarane som ein naturleg del av klubben .

Vi er stolte over å fått denne gjeve og flotte prisen, seier leiar i fotballgruppa Anne Jorunn Fjærestad. 

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift