Grendacup - ein fartsfylt og spennande dag!

Grendacup for miniputt og aldersbestemt er ein stor suksess!

Ein flott fotballdag i Blixhalli med høgt sportsleg nivå, mange spennade kampar, tette oppgjer, flotte mål og gode redningar. Slik er Grendacupen!  I tilegg var det god dømming, fair play og den tette spennnga som skal vere på  slike arrangement. Godt leia av sekreteriatet med speaker Ida Myrkaskog og Gro Mykkeltveit. Totalt var det over 100 spelarar som var med på Grendacupen for miniputt og aldersbestemt. For aldersbestemt deltok heile 65 spelarar.

Grendacup aldersbestemt vart arrangert fredag den 28. desember med kampstart kl. 12:30. Her var det to puljer. Det var 5. til 7. klasse og 8. til 10. klasse. 

5. til 7. klasse
For 5. til 7. klasse var det 6 lag som kjempa om tittelen - Grendacupmeistar 2018. Det var mange spennande kampar med flott spel i dei innleiande rundane og det var lenge kamp om kven som gjekk til finalen. Målforskjell avgjorde 3. og 4. plass. Det var så jamt mellom dei ulike laga slik at finalelaga ikkje var avgjort før siste kamp. 

I finalen spelte Øyri 2 mot Gildhus. Ein tett og spennande kamp der Øyri 2 vann 2-0. 

8. til 10. klasse
For ungdomskulen var det 3 lag påmeldt. Her var det tette og spennande oppgjer, med høgt tempo, flott spel, gode redningar og flotte mål. Med så få lag vart det spelt serie to gonger slika t alle lag fekk 4 kampar. 

Finalen vart spelt mellom Tenold/Følid/Vange og Bødalen/Hove. Bødalen/Hove vann 2-0. 

Vi gratulerer Øyri 2 og Bødalen/Hove som Grendacupvinnarar 2018! 

Skal vi ha flott spel, og fair konkurranse er det viktig med gode domarar. Fredrick har dømd dei fleste kampane på grendacupen. Flott og god dømming av han! Tusen takk for hjelpa! 

Premiane var sponsa av Highsoft  og Sognekraft og Folitec. 

Vi gratulerer alle med flott innsats og takkar alle foreldre og føresette som bidrog til at årets Grendacup vart ein suksess.
Takk til dugnadsansvarlege gutar 11 år for arrangementet og lagoppsett som gav så mange flotte, spennande og jevne kampar. 

Resultata og lagoppsettet finn du i vedlegget. 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift