Foreldremøte tysdag 29. januar kl. 19:00

Fotballgruppa arrangerer foreldremøte for spelarar frå 10 til 16 år.

Vi kallar inn til eit foreldremøte i januar for å gje ein god start på sesongen. 
Vi ynskjer vi å ha eit tidleg foreldremøte, slik at vi får avklart kor mange spelarar som vil vere med framover. Dette gjev føringar på kor mange lag vi skal melde på i 2019 sesongen og samtidig få ut informasjon til foreldre. 
 
 
Vi ber oppmenn frå 2018 sesongen på kvart lag sende ut innkalling til foreldre i spelargruppa. Dersom de ikkje kan ha foreldremøte etter felles del, må de sjølve finne ein ny dato. Dersom de har hatt møte, kan del to utgå.  
 
Dato: 29. januar
Tid: kl. 19:00 til 20:30
Stad: Flatbygdi ungdomskule 2. etasje
 
 
Vi kallar inn til foreldremøte for ungdomstrinnet. Møtet vert delt i to delar. 
Del 1 er felles for alle (tek ca 45 min) og del 2 er for kvart lag. 
 
Sakliste: 
1. Visjon og verdiar
2. Fair play
3. Sportsplan 
4. Status trenarar /oppmenn
5. Dugnad
6. Ymse 
 
Etter møtet kan kvart lag ha eit foreldremøte for sitt lag. 
Sakliste
1. Sportsleg opplegg for sesongen 2019, påmelding av lag
2. Deltaking på cupar
3. Val av oppmann/trenar - dersom det er endringar frå 2018. 
4. Ymse

Velkomen! 

Styret fotballgruppa Vik IL 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift