Kampoppsett for Bedriftsturneringa i innebandy er klart.

13 lag er påmeldt til årets turnering. Det er ny rekord!

 

Fristen for påmelding har gått ut, og heile 13 lag har meldt seg på turneringa. Det er me glade for! På grunn av dette har me korta ned kamplengda til 6 minutt, mot 8 som tidlegare.
For at alle lag skal få spela flest mogleg kampar i puljespelet har me satt opp 3 puljer (3+3+4) der dei to beste tredjeplassane når kvartfinale ilag med dei beste og nest-beste i kvar pulje. Puljene og kvartfinalane er trekt.
Den eminente domaren Frederick N. Kwihangana kan meir enn berre fotball, og har sagt ja til å dømme kampane under turneringa.

Premie til vinnarlaget er gåvekort i Kroi på Blix Hotell til ein verdig av kr 2000,-! Nytt av året er publikumsprisen der publikum kan stemme på laget dei tykkjer har spreia mest glede. Meir om dette og korleis ein kan stemme kjem på torsdag under turneringa. Publikumsfavoritten vil og bli premiert.


Kampoppsettet ser du ved å trykke på linken nedanfor. Dette dokumentet blir oppdatert med resultat under turneringa. 
https://docs.google.com/spreadsheets/d/1lo01Vzj5KmEdhNXijGPzF1iTuMvTj6yaOKw39KfLFUQ/edit?fbclid=IwAR2B4oM6UKneGRIjfFZibQweE_FnfR5bu5BYfHM-u2cSJCnJmvRYz3wnKMo#gid=0
Reglane ligg vedlagt som pdf oppe i høgre hjørne.


Vik Turn vil halde eit underhaldande show mellom puljespelet og kvartfinalane. Dette må du få med deg!

Fotballgruppa ved G13/14 har dugnad på turneringa og har god mat og drikke til salgs, som til dømes pizzasnurrar, pølser, bollar, kaker, vafler, kaffi, saft og brus. Me oppmodar alle, særskilt spelarar, til å ta middagen i Blixhalli då dei og vil tilby betasuppe.

Alle er velkomne til sosial hygge på Blix Hotell etter turneringa er ferdig. (Garderobane i Blixhalli vil vere opne ei stund etter turneringa er ferdig for dei som vil dusje der)

 

Vel møtt til turnering!

 

Fotballgruppa & Highsoft

 

 

 

 

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift