Foreldremøte miniputt tysdag 2. april

Velkomen foreldremøte!

Velkommen til ein ny miniputt-sesong. Her kjem litt informasjon om årets sesong.

Informasjonsmøte tysdag 2. april 

Stad: Flatbygdi ungdomsskule, 2. etasje. 

Kl 19-20: Møte for trenarar og foreldre til spelarar fødde i 2013. 

Kl 20-21: Møte for trenarar og foreldre til spelarar fødde 2010-2012.

Det er viktig at foreldre og trenarar kjem på informasjonsmøtet. Her vil fotballgruppa informera om fotballen i Vik og opplegget for sesongen - og seia noko om kva me forventar av dykk som foreldre, og kva de kan forventa av oss.

 

Første trening onsdag 3. april kl 1700

Miniputt har som tidlegare fast treningstid onsdag kl 1700. Me startar opp sesongen førstkomande onsdag. Dei eldste spelarane kan ha to treningar i veka, informasjon om dette får de frå trenaren. 

 

Turneringar

Vik 5. mai

Balestrand 16. juni

Gaupne 1. september

Sogndal 22. september.

Det er i tillegg tilbod om lokalt seriespel for dei eldste spelarane (fødd 2010).

Fotballgruppa i Vik arbeider for at alle miniputtspelarar skal kjenna seg trygge og oppleva meistring på bana, og at ungane gjennom det skal trivast og ha det kjekt i lag. Me håpar mange har lyst til å vera med på miniputt-sesongen 2019!

Velkomen til ein kjekk miniputtsesong 2019!

Beste helsing Eili N. Riise (oppmann)

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift