Vårens vakraste eventyr - Kongleriket miniputturnering

Kom på Vik kunstgrasbana å sjå Kongleriket miniputt-turnering søndag 5. mai frå kl. 10:00.

Velkomen til Vik IL sitt største idrettsarrangement i 2019. 

Det er påmeldt omlag 400 spelarar frå Luster, Gaupne, Sogndal, Nornane, Leikanger, Balestrand og Vik.

Vi gledar oss til at så mange små og store skal kome til Vik. 

Dette er den første turneringa av Kongleriket Miniputt i 2019. 

Arrangørar i denne runden er: (Tekst ; Hildegunn Hove, NFF Sogn og Fjordane)

Skavøypoll, Høyang, Tambarskjelvar, Vik, Lærdal og Sandane (4.mai)

Kongleriket Miniputt er serieordninga for born mellom 6-9 år - organisert i turneringsform, der høg aktivitet og fotballglede skal stå i fokus!
I tillegg vil vi, med ulike tiltak og profilering, rette fokus på haldningsskapande tiltak som skal gå som ein raud tråd i fotballsesongen:

1. Fair play - det handlar om respekt, ikkje sant?

I 1.runde set vi fullt fokus på Fair play i miniputt-fotballen. Det er viktig at både små og store lærer korleis ein skal oppføre seg mot kvarandre - både på bana og på sidelinja. Respekt for kvarandre er grunnleggande for at det skal vere kjekt for alle i fotballen. 
Følgande tiltak gjennomført i alle turneringar:
- mange synlege kampvertar som skal vere eit godt vertskap for alle som kjem 
- utdeling av foreldrevettkort - foreldre sitt ansvar å sette seg inn i reglane!
- Fair play profilering på stadion (skilt, banner, plakatar, osv.)
- Fair play helsing i alle kampar (også dommar og trenarar)
- bruk av Fair play reglar ( 1 ekstra utespelar ved 0-4, ikkje press-sone...)
- foreldre skal stå på motsatt side av innbytterbenk
- invitere born som av ulike orsaker ikkje tek del i organisertert idrett og legge til rette for at alle får vere med
invitere vaksne til stadion og dugnad - som ikkje naturleg høyrer til i miniputtfotballen (pensjonistar, asylsøkjarar/flyktningar, mm.) = verdifulle ressursar 
- ver ein god rollemodell!

 

Vedlagt finn de dugnadslister, kampoppsett og lagsoppsett for Vik sine lag. 

Vi gleder oss veldig til Kongleriket Miniputt-sesongen er igang og ønskjer små og store masse lukke til med sesongopninga! 

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift