SUPER søndag i Vik

Søndag 5. mai tok Vik imot 400 fotballspelarar frå Luster, Bjørn, Sogndal , Syril og Balestrand.

Miniputtsesongen vart starta i Vik. Mange spente ungar skulle prøve seg for første gong som fotballspelarar. Nytt av året er at  6 og 7 åringar skal spele 3 ar fotball i ballbinger, «Pillebaner»  

Det nye konseptet med 3ar baner var ein suksess. Mykje ballkontakt, og enklare for spelarane å spele fotball. Ei organisering  for dei minste, med speleglede og leik med ballen i sentrum.

Fleire gutar og jenter frå Luster, Gaupne, Sogndal, Leikanger, Balestrand og Vik opplevde gleda ved å skåra sitt fyrste fotballmål under miniputturneringa i Vik i dag. Dei fekk òg kjenna på gleda av å vera på lag, bli heia på av ivrige foreldre, og ha det kjekt i pausane mellom kampane. Og mange fekk også sin fyrste fotballpremie. For nokre blir det eit minne for livet.

Jenter og gutar frå seks idrettslag i midtre og indre Sogn spelte til saman 168 kampar på kunstgrasbana i Vik. Borna blei rettleia av 20 unge dommar frå vertskommunen. Nokre av dei hadde dømt aldersfastlagde kampar tidlegare, men for fleire var dette den fyrste gjerninga med fløyta i munnen. Like fullt greidde dei å leia kampane på ein framifrå måte.

Det var om lag 1000 personar innom kunstgrasbana i Vik denne dagen!

Dommarane var avgjerande for at denne Kongleriket-miniputturneringa skulle lukkast med å vera eit fair play-arrangement. Både dei unge fotballspelarane, trenarane og publikum oppførte seg skapleg mot kvarandre både på bana og på sidelinja. Før og etter kampen var det fair play-helsing, og i alle kampane spelte laga med pressfri sone ved utspark, slik at spelarane skulle få tid og ro til å starta opp spelet. Fair playflagg veia i vinden, og langs sidelinjene gjekk kampvertane og delte ut foreldrevitkort, med fair play-påminningar.

Å skipa til ei miniputturnering går ikkje utan mykje dugnadsinnsats frå mange foreldre og besteforeldre: Svelesteikjarar, teltriggarar, kioskmedarbeidarar, fyrstehjelparar, kampvertar, lagleiarar, fruktskjerarar, parkeringsvakter, toalettvaskarar, bostømmarar, bordkøyrarar, lydanlegg- og baneriggarar, bolle- og kakebakarar og ein stødig speaker – alle gjorde dei sitt til at 400 jenter og gutar fordelt på 83 lag fekk oppleva meistring og fotballglede denne vårsøndagen

 

Tusen takk til alle som stilte opp og flott organisert av oppmann for miniputt Eili Riise  og Silje Følid som organiserte innkjøp og kiosksal! Vik sitt største idrettsarrangement i 2019! 

Fotball det er livet !

Vi gledar oss til resten av Konglerike miniputtsesongen!  

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift