Vik - Førde fredag 10. mai kl. 19:45

Velkomen til ny heimekamp for damelaget!

Damelaget har ein ny heimekamp.

Etter ein knallsterk seier borte mot Kaupanger står Førde for tur i dag. Då har me møtt alle topp 3 laga frå i fjor. Førde kjenner me
godt, me har hatt fleire bataljer med dei dei siste åra både på jente- og seniornivå. Dei fleste av gongene er det Førde som har stukke av med seiren. Så
eg vil tru at det er ein heiltent gjeng av vikjajenter som vil gi alt i dag. Poeng frå endå eit topplag hadde vore ein perfekt start på helga.

Velkomen til kamp på Vik kunstgrasbane! 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift