Sambafotball og målkalas på Vik kunstgrasbane

Vik tok den største sigeren sidan Vik vann 11-2 over Radøy/Magner i 2012. Rekord i nyare tid er 14-0 over Syril i 2011. ZIKKE!

Det vart sambafotball og målkalas for dei som kom for å sjå Vik spele mot Anga på Vik kunstgrasbane i dag. 

Vik vann 9-0.  Etter første omgang var stillinga 3-0. Kampen var ikkje før i gang før Alesander Valsvik, spelande trenar, scora det første målet. 

Erlend Fjærestad Aase scora ein retur frå ei flott heading får Svein Erik Saglien i mål. Saglien scora og eit mål nokre minutt før halv tid. 

Vik gjekk ut i full fart i 2. omgang og med sambaspel og gode innlegg vart det mange mål. Erlend scora to nye i 2. omgang og hadde hattreick i denne kampen. Svein Erik scora eit til i 2. omgamg , totalt to mål, Yngve Hove eit og Idar Holen to. Det siste i det 90. minutt.

Flott spel og kjempeinnsats av heile laget! 

Mange av Vik sine spelarar spelte og i 2011. Det var Stig Roar Hovland, Endre Holstad, Asgeir Fosse Refsdal, Aleksander Valsvik og Svein Erik Saglien. Saglien scora og to må i denne kampen i 2012. 

ZIKKE! 

 

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift