Velkomen til kamp mellom Vik og Balestrand - onsdag kl. 19:45!

Ny seniorkamp damer mellom Vik og Balestrand!

Velkomen til ny seniorkamp for damelaget. Kampsponsor: Fresvik Produkt! 

Etter seier borte mot Sogndal (alltid morro å slå dei) har me fått ein god start på sesongen med 2 sigrar, 1 uavgjort og eit tap.

Etterkvart som folk er tilbake frå sjukdom/skade og andre har snørt på seg fotballskoa att har me fått ein større tropp, og det vert eit luksusproblem for meg å plukka 11’aren i dag. I bakhånd har me jenter som spelar fast med jentelaget, men som også trenar med damelaget. Kjekt me er mange, og er det fleire som vil vera med er det berre å ta kontakt, seier trenar Robert Hovland.  Damelaget trenar på onsdag, fredag og søndagar. 

Onsdag møter me Balestrand. Eit fysisk lag som gir alt i duellane. For Vik gjer Aina Hønsi comeback i løpet av kampen. Aina har tidlegare spelt for Kaupanger i 1. og 2. divisjon. Ho bur i Bergen og vil vera med på ein del kampar framover. 

ZIKKE! 

 

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift