Stig Roar tangerte «Pille»

Erlend er 17, men allereie oppi 50 spelte kampar

Foto: Terje Målsnes

I Vik sin kalassiger mot Anga på søndag var det fleire milepålar som blei passerte.

Erlend Fjærestad Aase spelte sin 50. kamp for Vik. Han er 17,5 år og er blant dei yngste som har klart dette. Kristoffer Valsvik og Kenneth Skjerven passerte også 50 spelte kampar for Vik det året dei fylte 17 og  Sondre Skjerven i sitt 18. år. 

Svein Erik Saglien er den første ikkje-fødde vikjen som har spelt 250 kampar i den kvite drakta.

I Anga-kampen tangerte Stig Roar Hovland ei legende i vikjafotballen, Nils Arild «Pille» Fedje. Med 362 kampar er Stig Roar berre to kampar bak Nils Geir Myrkaskog som har 364 kampar for Vik.

ZIKKE! 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift