Barnefotballkveld tysdag 11. juni

Velkomen til barnefotballkveld!

Vik IL fotballgruppa og NFF Sogn og Fjordane arrangerer barnefotballkveld tysdag 11. juni frå kl 17:00 til 19:30. 

Barnefotballkvelden er ein kveld med  praktisk/teoretisk temakurs som tek for seg korleis ein som klubb og klubbtrenar kan legge til rette for betre differensiert og jamn fotballaktivitet under trening og kamp. Kurset vil vera nyttig for alle trenarar i barnefotballen. Vi ynskjer at alle trenarar, oppmenn og foreldre i barnefotballen deltek på barnefotballkvelden, også dei som ev. har delteke tidlegare.

Her kan du lese litt om kva barnefotballkveld inneheld. 

Vi startar med eit felles møte på ungdomskulen kl. 17:00. 

Anders Veibust er instruktør. 

Dette vert siste gong Ander kjem til Vik. Han skal starte i ny jobb som trenarveileiar i Rogaland fotballkrets. 

Påmelding på denne linken

Velkomen til ein interessant fotballkveld! 

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift