Kamp- og lagoppsett miniputt i Gaupne 1. september

Her finn du kamp- og lagoppsett. Lykke til på miniputturneringa i Gaupne 1. september!

Tekst NFF Sogn og Fjordane: 

Fotballferien er over for miniputtane våre og søndag 1.september går 3.runde i Kongleriket Miniputt av stabelen. 

"Miniputtar på lag med miljøet"
Fotballglede og høg aktivitet skal alltid stå i fokus i Kongleriket Miniputt. I tillegg set vi eit ekstra fokus på ulike haldningsskapande tiltak som skal gå som ein raud tråd i alle turneringar. I denne runden "debuterer" vi med eit nytt og viktig tema - nemleg fokus på miljøet rundt oss!
 Vi har tidlegare sett kor dyktige miniputtane våre er til å engasjere seg i viktige samfunnstema (ref."Barn hjelper barn"). No ønskjer vi, i lag med miniputtar og vaksne å spele på lag for eit betre miljø - både på og ved fotballbana.  

Med auka forsøpling og overforbruk av plast ønskjer vi sette fokus på miljøet og kva dei som ferdast på og ved fotballbana kan gjere for å skape eit betre miljø. 

På turneringsdag ønskjer vi at arrangørar legg til rette for følgande:
- godt opplegg for bosshandtering (inkl.stasjon for flaskepant)
- godt synlege plakater med enkle miljøreglar som gjeld på anlegget
- miniputtar og vaksne i arrangørklubb har felles ansvar for å rydde og plukke boss på turneringsdag  (det same har gjestande lag og publikum!!).
- eigne tiltak (t.d."miljøstasjon" - der ein kan byte/levere fotballutstyr som andre kan ha glede av, eige bossopplegg, miljøfokus i kiosk, konkurransar, osv....) 
-  speaker informerer om miljøfokus
- oppmode eigne lag og naboklubbar om å sykle/gå eller samkøyre til turneringa

 

Lykke til! 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift