Kamp og lagoppsett miniputt på Balestrand 22. september

Her finn du kamp- og lagoppsett på årets siste miniputturnering. Fokus er trafikksikre miniputtar.

Tekst: NFF Sogn og Fjordane

Fokus på trafikktryggleik i fotballkvardagen er eit livsviktig tema. Vi ønskjer at alle i fotballfamilien skal ferdast trygt på vegane, til og frå trening og kamp, og vi ønskjer derfor, i lag med klubbane våre, å vere ein pådrivar for auka fokus på trafikktryggleik.

I samband med siste runde i Kongleriket Miniputt set vi derfor ekstra fokus på tiltak og profilering for å auke bevisstheita rundt trafikktryggleik:

- god tilkomst og parkeringstilhøve ved stadion med uniformerte vakter som viser veg
- kampoppsett tek omsyn til ferjetider/kapasitet for ei smidig trafikkavvikling
- invitere lokale lensmannskontor til å vere tilstades, sjekke beltebruk mm
- fokus på refleksbruk i haustmørkret, bruk av hjelm og lys når du syklar
- speaker med oppmoding om trygg ferdsel langs vegane
- eigne lokale tiltak
- fotokonkurranse "Trafikksikre miniputtar" :

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift